Hopp til innhold

Improvisert sovepose på haik

Då patruljane Løve og Tiger i 1. Tanum la ut på haik, ana dei fred og ingen fare. Men då dei andre speidarane rulla ut soveposane, skjøna Malene (10) at soveposen låg att heime.

Skrevet av Sjur Hamre

Jenter på haik
Foto: Sjur Hamre

– Eg og Mathilde spelte basketball med soveposen min, og eg gløymde å leggje han i sekken att, fortel ho.

Takka vere snarrådige vener, ordna det seg likevel.

– Vi laga ein «grevlingpose» til ho, fortel Gabrielle (10).

– Eg hadde eit vasstett trekk til overs, og det fylte vi med to pledd og ei dunjakke.

Godt å ha gode vener

Den improviserte soveposen fungerte veldig bra.

– Ho var ikkje kald etterpå, for å seie det slik! utbryt Maja (10).

Maja meiner Malene var heldig som hadde gode vener med seg.

– Viss ingen hadde vore vener med ho, hadde ho ikkje sove så godt, hevda ho.

Ein fin haik

Jentene seier at dei hadde ein veldig fin tur.

– Det gjekk jo veldig bra til å vere første haik, utbryt Gabrielle.

Maja fortel at dei hadde mykje moro på vegen.

– Vi såg mange sauer og kyr, som vi kalte fårikål og lasagne, fortel ho.

Forklaring av speideruttrykk:

Patrulje: En patrulje er en liten enhet med 4 til 8 speidere som mer eller mindre leder seg selv. Speiderne er gjerne omtrent like gamle og de har en patruljefører (peff) og en assistent (ass) som ledere. Disse er ofte litt eldre enn de andre i patruljen.

Haik: En haik er en patruljetur som speiderne planlegger og gjennomfører uten voksne ledere