Blid bakst med surdeig

Kan du blande vatn og mjøl? Om svaret er ja, så kan du òg bake med surdeig! Det er lett og morosamt, og resultatet blir eit godt brød som du kan nyte heime eller på tur.

Ein surdeig er eit levande «vesen» med både eigen personlegdom, utsjåande og humør. Alt avheng av kva for ein kornsort du nyttar, kor grovmalt mjølet er og kor mykje du matar surdeigen. Nokon har og eigne namn, surdeigane mine heiter Clemet Cato og Bergljot Camilla.

LAG DIN EIGEN SURDEIGSFAMILIE
Clemet Cato var den fyrste surdeigen i familien, og han laga eg slik:

  1. Bland 1 dl lunka vatn og 100 gram mjøl. La blandinga stå i eit tett glas på kjøkkenbenken over natta.
  2. Dagen etter tek du litt av blandinga, omlag 25 gram, og blandar med 1 dl lunka vatn og 100 gram mjøl. Resten av blandinga, omlag 175 gram, treng du ikkje til surdeigen, men du kan bruke ho i anna bakverk, sjå Tips & triks.
  3. Punkt 1 og 2 gjentek du i enda tre dagar på rad. No skal surdeigen byrje å boble og vekse.
  4. På dag fem skal surdeigen vere boblande og klar til å bake med.

Bergljot Camilla, på si side, er som eit barn for Clemet Cato. Då eg laga ho, tok eg nemleg berre ein del av Clemet Cato som eg mata opp og, vipps, hadde eg to startarar.

TIPS & TRIKS
› Har du problem med å aktivere startaren, bland ein mindre del startar og ein større del mjøl og vatn.
› Startaren kan utan problem stå i kjøleskapet i opptil to veker utan mating. Om surdeigen står på kjøkkenbenken treng han mat kvar tredje dag. Surdeigen kan leve lenge, verdas eldste surdeig er 120 år!
› Hugs å vaske utstyr og hender regelmessig for å unngå uønskte bakteriar i surdeigen din, då blir han sur på ekte.
› Hugs at restane du får når du lagar surdeigen (dag 2 til 4) kan du bruke til å lage knekkebrød eller tacolefser av, eller bruke i anna bakverk.
› Hald deg til ein kornsort når du lagar startaren.
› Finmalt mjøl er lettare å få til ein aktiv surdeig med enn grovmalt mjøl, er mi erfaring.

Korleis bakar du med surdeigen? Når surdeigen din boblar og er klar til å bakast med, treng du ei oppskrift:

LOFF MED SURDEIG (1 BRØD)
600 g kveitemjøl
4,5 dl vatn
120 g surdeig
1 ss salt
Ha vatnet i ein bolle. Bland ut surdeigen i vatnet. Ha i mjølet og bland alt i lag. Ha alltid våte hender når du jobbar med deigen.

 

La kvile i 30 minutt. Strø saltet over og klem det godt inn. Strekk og bret deigen. Gjenta strekk og brett tre gongar. Legg brødet på eit steikebrett eller i ei brødform.

Surdeig treng lengre tid enn gjærdeig for å gje eit godt resultat. Vil du ha eit brød med mykje boblar og utvikla smak, la brødet heve i kjøleskapet over natta. Etter hevinga er det berre steikinga att.

Forvarm steikeomnen til 250 gradar. Steik brødet i 50 minutt, først ved 250 gradar, etter halve tida skrur du ned temperaturen til 225 gradar.

LAG MØNSTER PÅ BRØDA
Skjær mønster i overflata før steiking! Det gjer òg at brødet hever ordentleg når det kjem inn i den varme omnen. Snitt i overflata med ein kniv eller eit barberblad og lag alle mønstera du kan tenkje deg!

SURDEIGSBRØD PÅ TUR?
Surdeigsbrød er saftige og held seg godt over tid. Derfor passar dei perfekt for fleire dagar på tur med patruljen.

Surdeig er eit omgrep for organiske kulturar med gjærsopp, mjølkesyre- og eddiksyrebakteriar som lev saman og er avhengige av kvarandre. Desse kulturane finst naturleg i mjølet, det er berre å aktivere dei med vatn og tolmod!

Saka er henta frå SPEIDEREN #2 2022

  • Publisert: 11.05.2022
  • Av: Amalie Dalhaug Halleland
  • Foto: Amalie Dalhaug Halleland

Del saken

Våre samarbeidspartnere

Frivillighet Norge
Studieforbundet natur og miljø
Flyktninghjelpen
LNU logo
Norsk friluftsliv
Stena Recycling