Drakekamp og speidarsamhald

Speidarar verda rundt har ein felles skytshelgen i St. Georg, drakedreparen. På Svartahol i helga vart speidarane på Kaupanger minna på at drakar kan dukke opp att, og at ein speidar jobbar for fred for forståing mellom menneskje. Speidarane hadde og bedt med seg speidarar som har flykta frå Ukraina.

Speidarar i alle aldre møtte opp for å delta på vårens vakraste speidareventyr på Kaupanger. Det er den faste aprilturen til Svartahol, inne dei djupe skogane i Amla. Snøen låg framleis på bakken, men hengekøyene poppa opp mellom trea og måltrosten song sine vakre tonar. For fleire var dette første overnattingstur ute i naturen. Ville det bli kaldt og mørkt og heimlengsla for stor?

Speidarar er som i ein stor familie
Tretten år gamle Faina reiste frå Ukraina for ein dryge månad sidan med mor Yana og veslebror Ostim. Med si tante Yana og sine to yngre syskenbarn Stephan og Simon kom dei til Noreg og til Kaupanger gjennom speidarvener. Same kveld dei kom til sitt nye husvære på Vesterland feriepark stod Kaupanger-speidarar på døra og ønskja dei velkomen.
– Vi kjenner speidarar i mange land, og alle speidarar er som ein stor familie, seier Faina. – Vi ville til Noreg og til Sogn, for her har vi speidarvener vi vart kjent med for mange år sidan, fortel Yana.

Alle treng ikkje å eige eige utstyr
Dei seks nye ukrainske kaupingane takka sjølvsagt ja til å delta på turen til Svartahol. Både hengekøyer, soveposar og liggjeunderlag vart lånt frå Frivilligsentralen, og det fine og varme v
êret kom jo som bestilt.

Faina (13) og vesle Simon (3) var med på St. Georgsdagsturen til Svartahol. – Eg vil gjerne bli med på fleire turar! sa ei nøgd Faina.  

Borsjtsj og priviet
Yana og Yana inviterte alle speidarane til å smake på den ukrainske nasjonalretten borsjtsj, ei raud grønsaksuppe med mellom anna potet, lauk, rødbeter og kål. – Vi et alltid borsjtsj når vi speidarar frå Dnipro er på speidartur, fortel Yana. I heimlandet er dei på tur nesten kvar helg.
– Speiding er ein stor del av livet vårt, og sidan vi bur i ein by, er det kjekt å komme ut i naturen, fortel ho. Priviet var eit ord som vart gjenteke i løpet av helga. Det tyder «hei» på ukrainsk.

Eit verdsomspennande speidarnettverk
Yana er speidarleiar i Dnipro, og ho fortel av mange av speidarane i gruppa deira no er i ulike land rundt om i Europa.
– Eg får høyre frå dei mange speidarane som flykta frå krigen at dei har teke kontakt med lokale speidargrupper der dei hamnar. Då startar alle med eit lite, potensielt nettverk og kan ta del i lokalmiljøet. Sjølv om ein ikkje kjenner kvarandre frå før, er det alltid mykje å prate om. Kaupanger-speidarane vart også fortalt om speidar-rørsla i Ukraina som no jobbar med førstehjelp, logistikk og kommunikasjon i heimlandet.

Yana Kulik (i grøn genser) og dottera Faina Kulik. Bak: Erling Løkkebø, gruppeleiar Trude Knagenhjelm og troppsleiar Maria Knagenhjelm. Foto: Privat. 

Kokkekamp i fullt alvor
Speidarar har teft for ein god konkurranse, og ein invitasjon til kokkekamp førte til grundige førebuingar. Dommarane fekk smake på eit tjuetals ulike matrettar, og speidarane serverte alt frå stekte dadlar i bacon til pannekaker og biff med bearnaise. Smisk er ein viktig faktor i kvar ein speidarkonkurranse, og ingen fekk delta på premieutdeling før oppvasken var unnagjort. Resultatet? Alle laga fekk førstepremie, men sjølvsagt i ulik kategori. Dommarane måtte utvide beltespenna fleire gonger i løpet av ettermiddagstimane …

Ein speidar er ein god ven
Kaupanger speidargruppe kunne gratulere ein fersk rover og fire nye speidarar i troppen. Den høgtidelege seremonien er fast tradisjon på St. Georgsdagen i Svartahol. Også ukrainske Faina vart teken høgtideleg opp i speidargruppa og fekk skjerf med grønt merke. – No er eg medlem i to speidargrupper, sa ho nøgd etter opptaket. – Eg vil gjerne bli med på fleire turar!

Overraska med tradisjonell bakst
Då søvnen forlot leiren i grålysinga, og sola atter fann vegen til Svartahol for å tine opp fingre og tær, diska ukrainarane opp med heimebakst rundt frukostbålet.
– Denne søndagen er den viktigaste dagen i den ortodokse delen av verda, og alle serverer denne kaka til vener og familie, fortel Faina. Også familie og småsøskjen som kom på søndagstur til Svartahol fekk smake. – Den ortodokse påska er den viktigaste dagen i heile året, og vi saknar familien vår, seier Yana. – Det er likevel kjekt å feire påske i skogen i Kaupanger med dei nye speidarvenene våre.

Frukostoverrasking: Faina med fersk, ukrainsk påskebakst til svoltne speidarvener frå Kaupanger.

Draker kan dukke opp i nye former
Gruppeleiar Trude Knagenhjelm fortalde om St. Georg som drap draken, men som ikkje ville ha den store formuen som kongen ønskte å gje han for å ha redda kongsdottera frå drakens gap. Han sa at alle må kjempe mot det onde og stille opp for dei i nød. Difor gjekk han til kamp mot draken. Etter drakehistoria fortalde mangeårig speidarleiar Erling Løkkebø om draken som til slutt tok sitt eige liv i ein bunkers i Berlin i 1945.
– Den gong sa dei «aldri meir», men no er atter ein drake i gang med å gå til krig mot uskuldige sivile, sa han.

Vi kan alle bli drakedreparar
Som St. Georg kan speidarar i Noreg og Kaupanger også kjempe mot urett og ufred. Ved å stille opp og vere gode vener, ved å gje av det vi har og ved å seie «priviet»,  «bli med». Rundt leirbålet vart det knytt mange venskapsband, også i makramé! Dei nye venskapsbanda kan speidarane feste på speidarskjorta for å minnast venskap som vart knytt denne spesielle helga i Amla-skogen.

Håkon Nondal (12) har laga fine venskapsband som eit minne frå St. Georgsdagsturen til Kaupanger speidargruppe.

Gruppeleiar Trude les opp helsinga frå speidarsjefen om legenda om St. Georg og kva vi som speidarar kan gjere for å kjempe mot gamle og nye drakar. 

  • Publisert: 26.04.2022
  • Av: Maria Knagenhjelm
  • Foto: Maria Knagenhjelm

Del saken