<link rel="stylesheet" href="styles.css">

Evolusjonsleiken

Ein morosam leik, med lyd!
Hvorfor
For å ha det kjekt saman.
Bidrar til følgende mål
  • K-1Utvikle dine sanser, motorikk og koordinasjonsevne.
  • V-9Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.
Fremgangsmåte
Dette er dei fire trinna på evolusjonsstigen i leiken vår:
Fisk (som sym med hendene og seier «blubb-blubb-blubb»), hønsekylling (som flaksar med hendene og klukkar som ein galen), hòlebuar/steinaldermann (som lagar skremmande lydar og hyttar med armen sin) og Supermann (som spring rundt med armen heva over hovudet og seier «da-ta-da-da!»). Desse finst i mange versjonar og kan sjølvsagt tilpassast slik ein vil.

Alle byrjar nederst på rangstigen, altså som fisk. Ein kjem seg oppover ved å finne seg nokon å ta stein-saks-papir med. Viss ein vinn, går ein opp til neste trinn. Viss ein taper, går ein eit hakk ned, eller vert verande som fisk viss det er det ein er. Når ein etter kvart kjem seg opp på superhelt-nivå, gjeld det å unngå folk som vil ta stein-saks-papir med ein, slik at ein unngår å rykkje ned.

Den eller dei som er superhelt når leiken vert avslutta, er vinnar(ar).
  • Publisert: 14.01.2010
  • Forfatter: Eirik Ulltang Birkeland
  • Lek og konkurranse
  • Småspeider
  • Stifinner
  • Vandrer
  • Rover
  • Kreativitet
  • Vennskap
  • Vår
  • Sommer
  • Høst
  • Vinter
  • Aktivitet
  • 0 - 30 min
  • Inne
  • Ute

Våre samarbeidspartnere

Frivillighet Norge
Flyktninghjelpen logo
LNU logo
Norsk friluftsliv
Stena Recycling
Tufte Wear