For å skape stemning og ev. verte varm.
«Jeg er en liten undulat»
Songen:
Jeg er en liten undulat
som får så dårlig med mat,
for de jeg bor hos, ja de jeg bor hos
de er så gjerrige så!
De gir meg sild hver eneste dag,
men det vil jeg ikke ha,
for jeg vil heller, ja mye heller
ha coca-cola og is!
Rørslene:
«Undulat»: Slå med hendene som venger
«Mat»: Gni på magen
«De jeg bor hos»: Teikne eit hus i lufta
«Så gjerrige»: Gjere teikn for «lite» med tommelen og peikefingeren
«Sild»: Lag bølgjer med eine handa
«Ikke ha»: Riste på hovudet
«Jeg vil heller»: Nikke med hovudet
«Coca-Cola»: Late som ein drikk av ei flaske
«Is»: Ei hand strak framfor kroppen, sleik «isen»
Nasjonale variantar:
Når ein har lært seg songen og rørslene skikkeleg kan ein gå over til dei ulike nasjonale variantane:
Amerikansk versjon: Gjer alle rørsler mykje større (amerikanarane skal ha alt stort)
Skotsk versjon: Gjer alle rørsler veldig små (skottane er gnitne)
Svensk versjon: Bruk feil rørsler på dei ulike strofene (svenskane er dumme)
Tysk versjon: Gjer alle rørsler «stive»/militære (tyskarane er militære)
Fransk versjon: Gjer alle rørsler grasiøse (franskmennene er fine på det)
Russisk versjon: Kviskre songen og gjer diskrete rørsler bak ryggen (russarane er hemmelegheitsfulle)
- Publisert: 02.09.2008
- Bever
- Småspeider
- Stifinner
- Vandrer
- Rover
- Vår
- Sommer
- Høst
- Vinter
- Aktivitet
- Fagstoff
- 0 - 30 min
- Ute
- Inne