<link rel="stylesheet" href="styles.css">

Vår samtid: Vårt vindu inn i speiding

I denne oppgåva skal speidarane bli meir bevisste på kva speiding er og betyr, og korleis speiding blir sett på av andre.
Bidrar til følgende mål
  • L-1Utvikle forståelse for speidingens verdigrunnlag og viktige særtrekk ved egen organisasjon.
  • L-6Få erfaring med verdiformidling og refleksjon.
  • V-9Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.
Utstyr

ark
skrivesaker
(teip)

Fremgangsmåte

 

Start med å snakke litt med speidarane om kva dei trur at ikkje-speidarar tenkjer om speiding. Kva trur dei at vi driv med? Speidarane skal no lage eit “vindauge” inn i sitt liv som speidar. Kvar speidar får eit ark som dei deler i fire ruter ved å teikne ein strek på langs, og ein på tvers. I kvar rute skal dei teikne noko som dei likar å gjere i speidaren, eller kva speiding betyr for dei. Det kan for eksempel vere ein aktivitet vi gjer, eller ein stad de brukar å møtast. Etter at dei er ferdige, samlar de saman bileta og legg dei på bakken eller teiper dei på veggen.

La speidarane sjå på kvarandre sine teikningar. De har no laga ei utstilling av mange forskjellige perspektiv på speiding. Kvar enkelt person har sitt eige unike bilete på kva speiding betyr for dei, og ingen er meir riktig enn andre. Desse bileta er eit “vindauge” som andre kan sjå inn i for å få eit innblikk i kva speidaren er, men det gir ikkje eit komplett bilete. Det heile biletet ser ein ikkje før ein blir med i speidaren og får oppleve det sjølv.

 

Se hele heftet for aktivitetspakken Tenkedagen 2025 her

  • Publisert: 09.01.2025
  • Forfatter: Silje kroken
  • Tenkedagen
  • Bever
  • Småspeider
  • Stifinner
  • Vandrer
  • Livskvalitet
  • Vennskap
  • Vår
  • Sommer
  • Høst
  • Vinter
  • Aktivitet
  • 30 - 60 min
  • Ute
  • Inne